fredag 17. februar 2012

Fotografisk oppsummering

Me budde like ved Trevi-fontena, som ligg sentralt plassert på Piazza di Trevi. Om du kastar ein mynt over skuldra, og ned i fontena, skal du vera garantert å komma tilbake til Roma. Me tok sjølvsagt våre forholdsreglar, og kasta kvar vår mynt i håp om å komma att.


Miniparade i gatene var det og...


Snø! :O


Me kom oss inn i Colosseum den siste dagen, etter at det i lengre tid var stengt på grunn av «sikkerheit», altså eit par flekker med snø her og der. Her skal både land- og sjøslag ha blitt framstilt etter vellykka erobringar, i tillegg til dei tradisjonelle gladiatorkampane, både mot ville dyr og mann mot mann.


Stadio Olimpico, der me fekk høyra om dei ulike ideologiane til dei ulike laga. Nokre var meir skuffa enn andre over at me ikkje fekk med oss nokon fotballkamp...



På toppen av Engleborga, med Peterskyrkja i bakgrunnen


Vatikanmuseet var kjempeimponerande, sjølv med dei få timane me hadde der. I følge vår flinke guide, må du bruka 14 år på museet, om du vil sjå eitt minutt på kvar gjenstand som er der!


Skolen i Athen av Rafael var eitt av mange høgdepunkt, her eitt utsnitt med Platon og Aristoteles


Det vart sjølvsagt teke mange fleire bilete, men eg trur dette var ein passelig dose for å visa kva me har opplevd. Mykje er det likevel som ikkje har komme med, som Paveaudiensen og EUR. Ein må rett og slett ta seg ein tur til Roma for å få med alt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar