Som dei
fleste sikkert har fått med seg, er ikkje vêret så sommarleg nedover i Europa
for tida. Det vert fortalt at sist gong Colosseum var dekkja av snø, var 27 år sidan. Og snø er me då vane med,
for all del. Sjølv om visse lærarar lova oss 15 grader (hmpf!), taklar me
sjølvsagt litt kaldare temperaturar. Så lenge me kjem oss ned dit...
Den andre
gruppa hadde planlagt nedreise i dag, og me har i alle fall fått rapportert at
dei har kome seg til Frankfurt. Mest sannsynleg er dei vel framme i Roma, og me
håpar dei kosar seg. Me gler oss masse til i morgon tidleg; då reiser me til
Roma!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar