fredag 10. februar 2012

Hei!

Som den litt suspekte bloggtittelen vår antyder, vil denne bloggen handla om Roma. Me er nemleg så heldige at me går på ein skule som velvillig sendar elevane sine på tur til Italias hovudstad, og dette året er det altså vår tur. Med "me" meiner eg ikkje berre meg sjølv og mine medskribentar, men òg resten av skuleelevane frå Sandnes Vidaregåande Skole si samfunnsfaglinja som er med på ekskursjonen. Me ser fram til ein innhaldsrik tur, både når det kjem til det reint sosiale, så vel som det lærerike.

På turen er fem ulike fag representert, der desse er delt opp i to grupper. Sjølv er me ein del av gruppa sett saman av faga Historie og Filosofi, Engelsk Litteratur og Kommunikasjon og Kultur. Det er dermed sett ut i frå våre auge de hovudsakleg vil få oppdateringar, sjølv om me sjølvsagt håpar å kunna få dei to resterande faga Latin og Design & Arkitektur til å skriva noko. (Då forventar me sjølvsagt latinske gloser...)

De vil høyra meir frå oss etterkvart, både på nynorsk, bokmål, så vel som visse innlegg på samisk... Beklagar, engelsk sjølvsagt ;)




1 kommentar: